Abstract
I 2022 vart hen innført som kjønnsnøytralt pronomen i nynorsk og bokmål. I denne artikkelen presenterer me funn frå ei spørjegransking om pronomenet hen som var sendt til alle tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) våren før rettskrivingsvedtaket. Analysen syner at det var høg grad av støtte mellom dei tilsette for innføringa av hen, på tvers av aldersgrupper, men med nokre skilnader mellom ulike grupper etter kjønn og fakultetstilhøyrsle. Den rapporterte bruken av pronomenet var også høg. I ein kvantitativ innhaldsanalyse av fritekstkommentarar som grunn-gjev støtte til innføringa av hen, dominerer to kategoriar: Den første er ein ‘politisk’ underkategori med vekt på rettane til personar som ikkje definerer seg som kvinne eller mann. Den andre er ein ‘pragmatisk’ underkategori der hen blir omtalt som eit praktisk alternativ til andre kjønnsnøytraliserande språklege uttrykk, utan at det nødvendigvis føreset ei kjønnsforståing ut over den binære. Argumentasjonen mot hen følgjer liknande skilje. I ein dominerande ‘pragmatisk’ underkategori legg ein vekt på at me ikkje treng hen fordi ein meiner det alt finst høvelege løysingar i språket, og i ein ‘politisk’ underkategori finn me ulike uttrykk for verdivurderingar. Artikkelen dokumenterer slik mønster i rapportert språkbruk og rapporterte haldningar til ei særskilt språkendring på eit avgrensa historisk tidspunkt frå ei avgrensa gruppe (høgskuletilsette), og dokumentasjonen legg eit grunnlag for framtidige undersøkingar av bruksmønstera og haldningane til pronomenet.
Published Version (Free)
Talk to us
Join us for a 30 min session where you can share your feedback and ask us any queries you have
Similar Papers
Disclaimer: All third-party content on this website/platform is and will remain the property of their respective owners and is provided on "as is" basis without any warranties, express or implied. Use of third-party content does not indicate any affiliation, sponsorship with or endorsement by them. Any references to third-party content is to identify the corresponding services and shall be considered fair use under The CopyrightLaw.