Abstract

Det er eit krav til lærarar som underviser i skulen i Noreg at dei meistrar både nynorsk og bokmål. Fleire undersøkingar viser at lærarutdannings­institusjonane ikkje sikrar denne kompetansen, og at lærarstudentane som kjem ut i skulen, har for dårleg kompetanse i nynorsk. Denne studien undersøkjer haldningane lærarar under vidareutdanning har til nynorsk, og samanhengar mellom haldningar og den faglege bakgrunnen til lærarane, skriftspråkbakgrunnen deira og den skriftspråklege praksisen deira. Til grunn for studien ligg ei online spørjeundersøking der respondentane er grunnskulelærarar som var studentar på eit nettbasert Kompetanse for kvalitet-kurs i norsk studieåret 2019/2020 ved Høg­skulen på Vestlandet. Kurset rekrutterer studentar frå heile landet, og det store fleirtalet av studentane definerer seg sjølve som bokmåls­brukarar. Artikkelen bidrar med innsikt i haldningar som eit utval lærarar har til nynorsk i opplæringa, og i eventuelle samanhengar mellom dei sjølv­rapporterte haldningane og bruken av nynorsk i undervisninga. Eit hovud­funn er at lærarane i undersøkinga kjenner ulik grad av kompetanse, og såleis meistring, i nynorsk og bokmål, og dette kjem til uttrykk når dei utøver yrket sitt. Det er vidare ein svak tendens til at respondentane som har bakgrunn frå grunnskulelærarutdanningane, er noko meir positive til nynorsk enn dei som har bakgrunn frå dei andre utdannings­gruppene som er representerte i undersøkinga.

Talk to us

Join us for a 30 min session where you can share your feedback and ask us any queries you have

Schedule a call

Disclaimer: All third-party content on this website/platform is and will remain the property of their respective owners and is provided on "as is" basis without any warranties, express or implied. Use of third-party content does not indicate any affiliation, sponsorship with or endorsement by them. Any references to third-party content is to identify the corresponding services and shall be considered fair use under The CopyrightLaw.