Legeforeningen har utarbeidd retningslinjer for lindrande sedering i livets sluttfase, sist revidert i 2014. Vi ville undersøke lungelegar sin kjennskap til retningslinjene og bruk av lindrande sedering ved lungesjukdomar. Eit elektronisk spørjeskjema blei sendt til alle medlemmer av Norsk forening for lungemedisin (529 legar) i oktober 2022. Svara blei analysert med deskriptiv statistikk, og fritekstkommentarane blei analysert ved systematisk tekstkondensering. Totalt 50 legar svarte (9,5%). 22 hadde kjennskap til retningslinjene, og eit mindretal meinte desse var tydelege og gav god støtte. 37 oppgav at lindrande sedering blei gjennomført der dei jobba, men det var stor variasjon i kor ofte. 25 av deltakarane hadde vore med på å gjennomføre lindrande sedering ein eller fleire gonger, og 19 hadde opplevd etiske utfordringar relatert til dette. Sederinga vart oftast utført hjå pasientar med lungekreft ved intraktabel dyspné og smerter, men også hjå andre sjukdomsgrupper. Avgjerda vart stort sett tatt i tverrfagleg fellesskap, og fritekstkommentarane utdjupa at dette gav støtte og tryggleik. Det vart påpeikt ein krevjande grenseoppgang mot dødshjelp, og ønskje om at gråsonene kunne utdjupast meir i retningslinjene. Definisjonen av lindrande sedering blir framleis oppfatta ulikt og kan framstå uklar. Det kan moglegvis vere til hjelp å legge til diagnosespesifikke råd ved revisjon av gjeldande retningslinjer.
Read full abstract