Abstract

Possessive objekt, som han i ho trakka han på foten, er spesielle av to grunnar: dei kjem ofte i tillegg til verbets konvensjonelle argument­struktur (trakke er eit typisk intransitivt verb, men tar possessivt objekt), og dei blir tolka som eigar av eit anna nomen i setninga (her foten). I norsk er temaet behandla grundigast av Lødrup (2009 b, 2019), som analyserer possessive objekt som direkte objekt og behandlar såkalla uavhendelege kroppsdelsnomen som ein nomenklasse med eigne grammatiske possessiveigenskapar. Denne artikkelen presenterer eit alternativ til analysen av possessivt-objekt-setningar, basert på eksoskeletal teori og særleg Åfarli (2007). Det blir argumentert for at det possessive objektet er eit indirekte objekt, og at både verb og kroppsdelsnomen er radikalt underspesifiserte for grammatisk informasjon som argumentstruktur og possessiveigenskapar. Artikkelen viser slik korleis ei eksoskeletal tilnærming kan gi nye perspektiv på possessive objekt og uav­hendeleg eigarskap.

Talk to us

Join us for a 30 min session where you can share your feedback and ask us any queries you have

Schedule a call

Disclaimer: All third-party content on this website/platform is and will remain the property of their respective owners and is provided on "as is" basis without any warranties, express or implied. Use of third-party content does not indicate any affiliation, sponsorship with or endorsement by them. Any references to third-party content is to identify the corresponding services and shall be considered fair use under The CopyrightLaw.