Abstract

I artikkelen presenterer eg eit idehistorisk perspektiv på Edvard Munchs kunst, med utgangspunkt i hypotesen at Munch var inspirert av filosofien til Platon. Kjelder eg nyttar for å gje hypotesen koherens, er dagboka til Ravensberg, Munchs eiga boksamling, tekstane hans, måleri og illustrasjonar, samt brev mellom Munch og andre i samtida hans. Andre Munch-forskarar har tidlegare nemnt Platon i samanheng med arbeidet til Munch, men inspirasjon frå Platon er meir eller mindre ukjend. Føremålet er å løfte fram og gje ei djupare innsikt i ein del av det filosofiske idégrunnlaget til Munch. Dette gjeld både synet hans på kosmos og mennesket, og dermed òg synet på kunsten og kunstnaren. I den ekspresjonistiske kunsten uttrykker Munch ein djupare røyndom bak den ytre, fysiske røyndomen. Den djupare røyndomen grip han med sjela eller det indre auget. Forsidebilde © Nasjonalmuseet/ Børre Høstland. Edvard Munch (1919) Høstpløying

Talk to us

Join us for a 30 min session where you can share your feedback and ask us any queries you have

Schedule a call

Disclaimer: All third-party content on this website/platform is and will remain the property of their respective owners and is provided on "as is" basis without any warranties, express or implied. Use of third-party content does not indicate any affiliation, sponsorship with or endorsement by them. Any references to third-party content is to identify the corresponding services and shall be considered fair use under The CopyrightLaw.